Camp Kjeldsund 10-12 august

Camp Kjeldsund er ein leir for alle som går av stabelen 10.-12. august på Kjeldsund leirstad på Sunnmøre. Med variert program for alle aldersgrupper blir dette ei fantastisk avslutning på sommarferien!

Det blir aktivitetar for heile familien på leiren: Gokart, vikingtelt, volleyball, trampoline, leikehytte og meir. På programmet står det også leirfest, misjonstivoli, lovsongskveld og bibeltime.

Temaet for leiren er DEL!, og vi skal bli inspirert til å dele meir.
Påmelding og meir informasjon på https://nmsu.no/hendelse/camp-kjeldsund-2018/

Camp Kjeldsund er leir for alle der born, unge og vaksne har kjekke dagar i lag på Sunnmøre. Kom aleine, med familien eller med vennegjengen! Overnatting skjer i telt, campingvogn, båt, soverom eller hytte.

Camp Kjeldsund blir arrangert av NMS, NMS U og Kjeldsund leirstad.

Du har kanskje også lyst til å lese...