Turmål
Kjeldsund er perfekt utgangspunkt for ei helg med familie eller eit opphold knytt til eit arrangement eller jobb. På Kjeldsund er det moglegheiter for fjelltur, kano, båt, padling og fisking. Som gjest på Kjeldsund kan du nytte vårt utstyr utan kostnad.
Den sunnmørske naturen ligg rett utanfor døra, og det er fine fjellturar i gåavstand frå Kjeldsund.
Reiser du med bil vil vi anbefale å dra til Fuglefjellet Runde med 240 fugleartar, Jugendbyen Ålesund, Atlanterhavsparken, Ishavsmuseet Brandal og Geirangerfjorden. Har du god tid er det heller ikkje langt til Loen Skylift, Trollstigen eller Atlanterhavsvegen. I Ulsteinvik (15 minutt) og Fosnavåg (20 minutt) er det breitt utval av restaurantar, butikkar og badeanlegg.
Overnatting i rom
Kjeldsund har mange rom tilgjengelig for overnatting. Vi har mange soverom, med ei, to eller fire senger. Det er vask på alle rom, og bad tilgjengeleg på gangen. Dei fleste soverom har kjøkken rett i nærleiken, med komfyr, mikrobølgeovn, vaskemaskin, og kjøle- og fryseskap.
I alle rom er dyne og pute tilgjengelig, og du kan leige handdukar og sengeklede om du ikkje vil ta med sjølv.
Overnatting i hytte
Vi har seks hytter som ligg heilt i vasskanten, tilgjengelig for utleige. Hyttene er over to etasjar med eigen uteplass. I kvar hytte er det mellom fire og åtte sengeplassar, i tillegg til stove, kjøkken og bad. Ei av hyttene er universelt utforma, og det er mogleg å parkere like utanfor hyttene.
I alle rom er dyne og pute tilgjengelig, og du kan leige handdukar og sengeklede om du ikkje vil ta med sjølv.