Om oss
Kjeldsund
Kjeldsund leirstad og gjestegard ligg som ei perle i den Sunnmørske skjergarden. Vi har ei nydelig plassering i idylliske omgjevnader, og ei rekkje attraksjonar i nærområdet.
Kjeldsund har historie tilbake til 1600-talet, og er kjent for god mat, herskaplege lokale og personleg sørvis. vi tek i mot gjestar til leir, weekend, konferansar, selskap, jubileum, minnesamver, retreat, møter… Her er gode minner i vente for store og små!
NMS
Kjeldsund er tidlegare eigd og drive av NMS – Det Norske Misjonsselskap. NMS er den første misjonsorganisasjonen i Noreg, ein frivillig organisasjon forankra i Den norske kyrkja. Frå 1.november 2024 vart Kjeldsund skilt ut frå NMS og vart ei eiga forening.
Vi vil fortsette å samle inn pengar til NMS sitt arbeid i verda. NMS arbeidar for å gje medmenneske verdig liv og varig håp.
NMS deler trua på Jesus, utryddar fattigdom og kjempar mot urett.