Adventshelsing frå Kjeldsund
Vi på Kjeldsund vil ynskje alle ei fin adventstid, og vil presentere årets alternative julegåve: Kva med å gi eit gåvekort, der du sjølv bestemmer beløpet? Mange vil nok setje pris på å få ein potetballmiddag i gåve, pris på potetballbuffet frå 14.januar er kr 230 pr pers. Ta kontakt på telefon 97095525 om du er interessert i å kjøpe gåvekort.
14. januar er også første dagen med potetball i 2021.
Kanskje nokon har lyst å gi ei julegåve til Kjeldsund også? Då kan ein vippse til 520980.
Vi ynskjer alle ei velsigna advents- og juletid!