Jonsokfeiring på Kjeldsund
På Onsdag 23. Juni brakar det laus med den tradisjonsrike jonsokfeiringa på Kjeldsund.
her kan du kome om du er aleine, eller har med deg heile familien. Det vert sjølvsagt servering av rømmegraut, kaffi, kakar lapskaus, pølser i brød og is. Loddsalg og tombola høyrer også med.Her har du moglegheiten til å sitte ned med ein kaffikopp i lag med vener og prate om både nye og gamle dagar. Eller du kan padle kano, bade, dra på skattejakt, prøve zipline, «stand up paddle», trøbåtar, gå på styltar, eller eller kanskje nytte fresbeegolfbana vår?Nytt av året er ein taretittar som kjem til Kjeldsund. Her kan dykk gå ein tur under dekk og sjå livet under vatn frå flotte panoramavindauge, det blir kjekt! Så hjartleg velkomne til Kjeldsund på Jonsokaftan, vi gler oss.
PROGRAM
kl13:00 Matsal startar
kl 16:00: Barneaktivitetar og skattejakt
kl 18: 00: Møte Astrid Øygard har andakt.
kl 19:00: Jonsokbålet tennes
kl dei små timar: vel heim