Er du vår nye medarbeidar?
Vil du ha jobben med å lage eit godt grunnlag for gode opplevingar for våre gjestar med; reine rom, god mat og ein god atmosfære? Vi søker to medarbeidarar i faste stillingar. I ei av stillingane vil det ligge ansvar for kjøkkenlogistikken med mellom anna planlegging av servering og bestilling av matvarer til kjøkkenet. Du må vere førebudd på ein del helgearbeid, og noko kveldsarbeid. Vi er eigd av NMS (Det Norske Misjonsselskap) og har ein tydeleg kristen profil. Storleiken på stillingane vil bli diskutert med kvar enkelt søkjar.
arbeidsoppgåver
- Ta godt imot gjester
- Matlaging til leir og selskap
- Catering
- Vasking av rom og hytter
- Ta imot booking og betaling
nøkkelkvalifikasjonar
- Er effektiv og serviceinnstilt
- Klarer å smile, sjølv om du har det travelt
- Kan jobbe sjølvstendig og som del av et team
- Vil bidra til å skape gode stunder for våre gjester
- Kokeyndig
- Er en tydeleg lagspelar
Vi tilbyr
- Ein trygg og triveleg arbeidsplass
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariff
- Godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke din eigen arbeidskvardag
- Opplæring og utvikling
- IA bedrift
Søknadsfrist 15. desember 2021
Oppstart etter avtale.
Send søknad og CV til
På Kjeldsund leirstad og gjestegard gir vi born, ungdom og vaksne mange gode opplevingar året rundt. Både gjennom god matservering, morosame og spennande aktivitetar, og trivelege tilsette som tek godt imot gjestane. Vi er eigd av det Norske Misjonsselskap (NMS) og har ein tydeleg kristen profil.