Pensjonisttreff Onsdag 23. August

Onsdag 23.August ynskjer vi velkommen til nytt pensjonisttreff på Kjeldsund.
Treffet tek til med middag, og god tid til prat rundt borda, så fylgjer litt program og kaffi og kake etterkvart.
Denne dagen blir Kari laila og Ove Aksnes med, og dei syter som kjendt for både for sang, musikk og andakt.
Dagens vertinne er Kari Ristesund, med desse tre trur vi alt ligg til rette for eit flott og innhaldsrikt treff.
Velkommen til alle, og inviter gjerne med nokon. Og tru ikkje at ein må vere «gammal» for å gå på pensjonisttreff.
Pris: 250 kroner
Påmelding til 40406061