Mykje spanande på Kjeldsund i påska!
Ta turen til Kjeldsund i påska. Vi har eit variert og spanande program!
Vi har oppe frå palmesøndag til og med onsdagen. Det blir kiosk og aktivitetar kvar dag!
Palmesøndag serverer vi lammelår, laks, kjøttkaker og mykje anna godt på buffé. Det blir mogleg å klappe kanin, og kanskje helse på poniane.
Mandagen blir det «Bird & Breakfast» frå klokka 08:30.
Om de berre ynskjer ein god påskefrukost er du sjølvsagt også hjartleg velkommne. Utover dagen vert det ponniriding og påskevandring. så her er det noko for alle!
På tysdagen starter vi også med «Bird & Breakfast». før vi fyrer opp bålpannene i gapahuken. Her blir det bålkos og discgolf turnering. Lav terskel og en liten deltagerpremie på pinne til alle 😉 Moglegheit for ponniriding blir det også
Onsdag vert det påskeeggjakt for born. Da gjømmer vi 100 påskeegg i skogen på Kjeldsund. Kiosken er åpen, og det vil bli moglegheit til å kjøpe seg noko godt, og noko å ete.
Etter påskeeggjakta blir det et rebusløp for vaksne. Her gjelder det å finne ein stor påskekurv før dei andre. Kløkt, intelligens, smarte løsningar er noko av det ein treng for å løyse oppgåvene og vinne kurven!
Vi håper at folk koser seg, tek turen og nytter Kjeldsund i påska!
Og vil ynskje alle ei god påske, og velkomne til Kjeldsund!