Vi reduserar matsvinnet!
På Kjeldsund har vi tatt i bruk «TooGoodTooGoo» Det vil si at overskuddsmaten vi har frå buffeane våre blir lagt ut på billigsalg dagen etter. På den måten er det mogleg å kjøpe seg ein billig middag, og samstundes vere med å redusere matsvinnet vårt!
For å bli med gå inn på https://www.toogoodtogo.com/no for å registrere deg.
Det fungerer slik: Vi teller over kor mykje potetball, eller anna mat vi har til overs etter en buffe dag. Dette pakker vi og legg ut. Når vi har lagt ut er det mogleg å reservere mat i appen. Så henter du maten hos oss!
I tillegg har vi fått hjelp av desse to: «Vanessa og Max» til å ta unna en del av skrell og brødskalker.
Det blir ein del kaffigrut også i løpet av eit år. Den komposterer vi sjølvsagt og nytter på blomstene. Så når du nyter dei flotte rosene på kjeldsund så er noko av hemmligheita det du akkurat har hatt i koppen!
Så i løpet av ei normal veke har ikkje vi meir matavfall enn ein vanleg husholdning, og difor berre ein vanleg hushaldningsdunk til matavfallet. Dette avfallet sorterer vi sjølvsagt og leverer til SSR 😉