Bed and Breakfast
Tilgjengeleg for booking mellom 4. juli og 22. august 2025
Kjeldsund Guesthouse kan tilby Bed and Breakfast. Få ei god natt søvn i ei mjuk seng etter ein lang dag med reise, og vakn opp til herlig utsikt og deilig frukost
Kjeldsund har mange rom tilgjengelig for overnatting. Vi har soverom, med ei eller to senger og familierom. Det er vask på stort sett alle rom, og bad og toalett tilgjengeleg på gangen. Dei fleste soverom har kjøkken rett i nærleiken, med komfyr, mikrobølgeovn, oppvaskemaskin, og kjøle- og fryseskap.
Frukost og oppredd seng er inkludert i prisen
Leige Kano eller båt?
Vi har 16 kanoar og 4 robåtar(med årer) og stand up paddle til leige. Vi har og redningsvestar til store og små! send sms til 40406061 for å avtale leige.
Betaling på Vippsnr: 947337
God tur! Husk Vest!
Bubilparkering
På Kjeldsund er det fint å stå med bubil. Vi har plass til 10 bubilar når det ikkje er arrangement. Følg kart du finner på staden, og vi hensyn til andre gjestar. Betaling skjer via vipps.
Pris:
- 400kr/døgn
VIPPS: 947337
Overnatting i hytte
Vi har seks hytter som ligg heilt i vasskanten, tilgjengelig for utleige. Hyttene er over to etasjar med eigen uteplass. I kvar hytte er det mellom fire og åtte sengeplassar, i tillegg til stove, kjøkken og bad. Ei av hyttene er universelt utforma, og det er mogleg å parkere like utanfor hyttene.
I alle rom er dyne og pute tilgjengelig. Du kan leige handdukar og sengeklede til kr 200 per sett. Oppgi dette ved bestilling.
Turmål
Kjeldsund er perfekt utgangspunkt for ei helg med familie eller eit opphold knytt til eit arrangement eller jobb. På Kjeldsund er det moglegheiter for fjelltur, kano, båt, padling og fisking. Som gjest på Kjeldsund kan du nytte vårt utstyr utan kostnad.
Den sunnmørske naturen ligg rett utanfor døra, og det er fine fjellturar i gåavstand frå Kjeldsund.
Reiser du med bil vil vi anbefale å dra til Fuglefjellet Runde med 240 fugleartar, Jugendbyen Ålesund, Atlanterhavsparken, Ishavsmuseet Brandal og Geirangerfjorden. Har du god tid er det heller ikkje langt til Loen Skylift, Trollstigen eller Atlanterhavsvegen. I Ulsteinvik (15 minutt) og Fosnavåg (20 minutt) er det breitt utval av restaurantar, butikkar og badeanlegg.