Kjeldsund har lang erfaring som vertskap for store og små kurs og konferansar. Vi set ditt arrangement i fokus, og skreddarsyr rammene etter dine behov. Våre tilsette er tilgjengelig i heile prosessen med planlegging og gjennomføring, slik at du og dine deltakarar får gode minne frå Kjeldsund.
Ei konferanse på Kjeldsund kan vere mykje meir enn eit innandørs møte! La den idylliske naturen inspirere til nytenking og kreativitet. Gjennomfør gruppearbeid gjennom frisbeegolfløypa, på kanotur eller på fotballbana. Alle deltakarar er velkomne til å bruke vårt uteområde og vårt utstyr. Vi har eit stort aktivitetstilbod på Kjeldsund – og gode samarbeidspartnarar om du vil legge inn utflukt.
Vi har lokale av ulik størrelse, med det som trengst av teknisk utstyr. Konferansevert er tilgjengelig gjennom arrangementet, og sørgar for nytrakta kaffi, reine koppar og god mat. Overnatting er tilgjengelig – anten konferansen går over fleire dagar, eller det er lang reiseveg.
Gratis trådlaust internett og parkering!
Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod!
Liten dagspakke
- Møterom
- Kaffi, te, vatn tilgjengelig heile dagen
- Påsmurt baguette eller rundstykke til lunsj
- Pause med kaffi og kake
Medium dagspakke
- Møterom
- Kaffi, te, vatn tilgjengelig heile dagen
- Pause med frukt
- Varm lunsj
- Pause med kaffi og kake
Stor dagspakke
- Møterom
- Kaffi, te, vatn tilgjengelig heile dagen
- Pause med frukt
- Koldtbord med varme og kalde rettar og dessert
- Pause med kaffi og kake
Konferansepakke med ei overnatting
- Middag ankomstdag
- Møterom
- Kaffi, te, vatn tilgjengelig begge dagar
- Overnatting med frokost
- Lunsj avreisedag
- To kaffipauser med kake