Saman med Herøy kyrkje og Ulstein Kyrkje ynskjer vi å arrangere Open julefeiring på Kjeldsund i år også!
Vi er no på leit etter frivillige som kan vere med å ta i eit tak for å få til årets arrangement! Kokk har vi på plass men vi treng nokon som kan ta å på seg å vere vertskap på sjølve julekvelden! Er dette ei oppgåve DU kunne tenke deg å ha? Eller kjenner du nokon du kan utfordre på dette?
I tillegg til vertskap treng vi frivillige til servering, oppvask og opprydding, arrangere leikar for barn, kjøring og kakebaking.
Det er mange oppgåver rundt eit slikt arrangement og vi vil gjerne ha med frivillige i alle aldrar.
Ta kontakt med diakon i Ulstein Kyrkje Karine Sæter ks344@kyrkja.no/47644292 eller diakon i Herøy Kyrkje Ragnhild Danbolt Øygard tlf 41860784 – om du kan tenke deg å bidra.



