Kjeldsund ligg idyllisk mellom holmar og skjær på Sunnmøre. Med stort uteområde, staselege lokale og god mat er Kjeldsund perfekt stad for eit bryllup, jubileumsfeiring eller minnesamver.
Alle våre selskapslokale har prosjektor og lerret, høgtalarar og trådlaust internett. I dei største lokala har vi mikrofon tilgjengelig – og ved behov kan dette riggast i mindre lokale også. Som leigetakar på Kjeldsund får du og dine gjestar fri tilgong til vårt store uteområde, alle våre uteaktivitetar og alt av utstyr som trengst til dette.
Selskap
Vi har flotte lokale som passar for ulike grupper. Vårt kjøkken lagar nydeleg selskapsmat, anten det er snakk om sosakjøt, svinesteik eller stort koldtbord. Vi lagar mat tilpassa allergiar og diettar, og har du konkrete ynskjer, har vi gode levarandørar som fiksar det meste. Kjeldsund har lang erfaring som vertskap for ulike selskap, så ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande prat!
Bryllaup
Bryllaupsplanar? Ei betre ramme rundt bryllaup enn Kjeldsund, kan vel neppe tenkjast. Vi har lang erfaring med å legge tilrette for bryllaup, og tilpassar program, meny og lokale etter dykkar ynskje.
Uteområdet på Kjeldsund er eigna for bryllaupsfotografering – og om du vil ha vigsla på Kjeldsund – inne eller ute – har vi lokale og nødvendig utstyr til det.
Minnesamver
Det er fint å samlast etter ei gravferd, der er ein har tatt farvel med ein kjær person. Vi tilbyr intime og koselige lokale for slike minnesamver, med god middagsmat og påfylgjande kaffi. Minnesamver planleggast på kort tid – likevel har vi som oftast eit ledig lokale.
Levering av mat
Kjeldsund er kjent for god mat – og om du ynskjer å ha selskap, konferanse eller eit stort arrangement i eige lokale, leverer vi mat til dette. Maten kan hentast på Kjeldsund til avtalt tidspunkt, eller så kan vi levere til ditt lokale mot eit tillegg i prisen.