Potetball, ball, balj, raspeball, komle, kompe, og klubb; kjært barn har mange namn. Potetball har truleg vært laga på sunnmøre sidan Napoleonskrigane tidleg på 1800 talet. Da var det smalhans i landet og poteten vart berginga for mange. Før Napoleonskrigen hadde dei såkalla potetprestane sitt varige strev med å få oss nordmenn til å dyrke planta. Vi ville jo berre ha byggmjøl og laga velling og andre ting som vi var vane med. Men når verken Terje Vigen eller andre fekk tak i bygg, vart poteten raspa og nytta som mjøl i mangt eit bakverk. Og det var i korte ordedrag starten på potetballen, raspekaka, potetlefsa og mykje anna godt som vi nytter poteten til. Utover 1800 talet auka velstanden att, og dei ulike bygdene laga potetballen på si måte.
Og ballen vert verkeleg servert på ulike måtar, frå trønderens klubb og duppe, blandaball i Kristiansund, Totningenes kompe i mjølk som dessert, sogningens «Sekjeball» der ballen kokes i strømpe og til den mest høgverdige varianten kor sunnmøringen serverar ballen på skikkeleg vis, med kjøt i midten, raust med salta lammekjøt, flesk, rabbe og pølse.
Vi veit diverre ikkje kva tid fyrste potetball vart laga i Kjeldsund, men den siste er i alle fall ikkje rulla enda. I Kjeldsund, og mange andre stader ute på øygruppa vår eltes, formest og kokes potetball kvar torsdag. Og torsdagen har i over 100 år vore balljedagen langs heile vestlandet. Dette over hundre år gamle mateventyret haldast framleis i hevd, ikkje berre av dei som lagar ballen på gamlemåten, men av dei som kjem og et den også.
Det hadde vore moro å visst korleis ballen bidreg til arbeidsplassar, livsglede og andre samfunnsnyttige ting. Den potetballen kaster eg vidare til høgskulen i Volda eller andre institusjonar som driv med slikt.
Men eg vert stolt og audmjuk når eg kan sjå at vår serveringsstad og mange andre med oss, får lov til å ta plass i historia og drive desse tradisjonane vidare. Eg ser fram mot eit nytt balljeår med tenåringsgutar i etealderen som kappast om ete flest ballar, snakkesalige ektepar på romantisk ballmiddag, dessertsvoltne vestlendingar som helst berre vil ha karamellpuddingen, framande som ikkje kan skjøne kvifor kjøtet er så godt pakka inn og alle andre som også i 2026 skal vere med å skrive balljehistore.
Til slutt vil eg ynskje alle dei flotte og varierte tradisjonsberarane velkomne på balldag!











