Om oss
Kjeldsund ligg som ei perle i den Sunnmørske skjergarden mellom Ålesund og Stad.
Kjeldsund er ein møteplass, leir- og overnattingsstad med flotte uteområder og ulike lokalar til bruk for små og store grupper. Staden ligg i idylliske omgjevnader ved sjøen, og omfattar hovudbygning, krambu, borgstove, møtesal, hytter.
Uteområdet er stort og omfattar gapahuk, fotballbane, volleyballbane, samhandlingsløype, skogsområde og nærleik til korte og lengre fjellturar. Grupper og enkeltpersonar kan leige kanoar, robåtar og SUP-brett, og på området er det etablert ei 18-hols frisbeegolfbane som kan nyttast av alle besøkande.
Om de ønsker tilbod på opphald eller aktivitetar, trykk HER for å kome i kontakt med oss.
Foreininga Kjeldsund vart etablert 1.november 2024, og har driftsansvar for aktivitetar, og vedlikehald av bygningar og eigedom.
Norges Misjonsselskap (NMS)
Norges Misjonsselskap er Noregs eldste misjonsorganisasjon og eigar av Kjeldsund. Dei arbeider for å samle inn penger for å gje medmennesker verdig liv og varig håp. NMS deler trua på Jesus, utryddar fattigdom og kjempar mot urett.
