Balleventyret på Kjeldsund

Potetball, ball, balj, raspeball, komle, kompe, og  klubb; kjært barn har mange namn. Potetball  har truleg vært laga på sunnmøre sidan Napoleonskrigane tidleg på 1800 talet. Da var det smalhans i landet og poteten vart berginga for mange. Før Napoleonskrigen hadde dei såkalla potetprestane sitt varige strev med å få oss nordmenn til å dyrke planta. Vi ville jo berre ha byggmjøl og laga velling og andre ting som vi var vane med. Men når verken Terje Vigen eller andre fekk tak i bygg, vart poteten raspa og nytta som mjøl i mangt eit bakverk. Og det var i korte ordedrag starten på potetballen, raspekaka, potetlefsa og mykje anna godt som vi nytter poteten til. Utover 1800 talet auka velstanden att, og dei ulike bygdene laga potetballen på si måte.

Og ballen vert verkeleg servert på ulike måtar, frå trønderens klubb og duppe, blandaball i Kristiansund, Totningenes kompe i mjølk som dessert, sogningens «Sekjeball» der ballen kokes i strømpe og til  den mest høgverdige varianten kor sunnmøringen serverar ballen på skikkeleg vis, med kjøt i midten, raust med salta lammekjøt, flesk, rabbe og pølse.

Vi veit diverre ikkje kva tid fyrste potetball vart laga i Kjeldsund, men den siste er i alle fall ikkje rulla enda. I Kjeldsund, og mange andre stader ute på øygruppa vår eltes, formest og kokes potetball kvar torsdag. Og torsdagen har i over 100 år vore balljedagen langs heile vestlandet. Dette over hundre år gamle mateventyret haldast framleis i hevd, ikkje berre av dei som lagar ballen på gamlemåten, men av dei som kjem og et den også.

Det hadde vore moro å visst korleis ballen bidreg til arbeidsplassar, livsglede og andre samfunnsnyttige ting. Den potetballen kaster eg vidare til høgskulen i Volda eller andre institusjonar som driv med slikt.

Men eg vert stolt og audmjuk når eg kan sjå at vår serveringsstad og mange andre med oss, får lov til å ta plass i historia og drive desse tradisjonane vidare. Eg ser fram mot eit nytt balljeår med tenåringsgutar i etealderen som kappast om ete flest ballar, snakkesalige ektepar på romantisk ballmiddag, dessertsvoltne vestlendingar som helst berre vil ha karamellpuddingen, framande som ikkje kan skjøne kvifor kjøtet er så godt pakka inn og alle andre som også i 2026 skal vere med å skrive balljehistore. 

Til slutt vil eg ynskje alle dei flotte og varierte tradisjonsberarane velkomne på balldag!

Les andre innlegg

Grankvistar med konglar og raud sløyfe på inngangsdøra til Kjeldsund.

Open julefeiring

Julaftan opnar vi dørene til eit julepynta Kjeldsund, og inviterer til ei varm og inkluderande julefeiring for alle som ynskjer eit fellesskap på høgtidskvelden.   

Velkomen til strikkehelg!

Allhelgenshelga, 30. oktober til 1. november, inviterer NMS til strikkehelg for alle som er glad i strikking og hekling, og som ønsker å vere sosial

Kvinner samla til måltid i spisestova i forbindelse med lefsedugnad

Lefsedugnad og julebasar i november

På Kjeldsund har vi så smått begynt å førebu førjulsaktivitetar, og tradisjon tru inviterer vi både til lefsebaking og julebasar! LefsebakedugnadVi startar med lefsebaking måndag

Potetball hausten 2026

Fram til 12. november serverer vi potetball kvar torsdag kl. 13-18. Maten kan du nyte rykande varm i den koselege peisestova, eller ta med heim!

Kontakt oss