På Kjeldsund har vi så smått begynt å førebu førjulsaktivitetar, og tradisjon tru inviterer vi både til lefsebaking og julebasar!
Lefsebakedugnad
Vi startar med lefsebaking måndag 2. november kl. 9.00, og held på til og med 4. november. Det vert sjølvsagt servering kvar dag. Nokre har allereie meldt seg, men vi har plass til fleire! Nytt av året er at vi set ekstra fokus på å samle både erfarne og nye lefsebakarar, slik at vi kan halde denne fine tradisjonen i hevd også i framtida. Oppgåvene er fleire, og det trengs gode krefter både til å lage deig, kjevle, steike, smøre og pakke lefsene som vert selt til inntekt for NMS sitt arbeid på julebasaren til Kjeldsund laurdag 7. november.
Per Sandanger skriv godt om kunsten å bake lefser i «Ordsamlinga frå ei anna tid»:
Løfse: Lefse. «Hær i bygdå bakte dei füsteklasses sunnmørsløfse. Elljest va løfsenje ulike frå denj eine bygda tí hi, ja ókså frå denj eine bakstekånå tí denj andre.»
Har du lyst å vere med i eit kjekt fellesskap og å bake lefser til inntekt for Kjeldsund?
Send ein e-post til booking@kjeldsund.no eller ring oss på tlf. 4040 6061.
Julebasar
Laurdag 7. november inviterer vi til julebasar i møtesalen.
Kafeen opnar kl. 14.00 og du kan få kjøpt både varm mat og kaker! Det blir loddsal og underhaldning, og sjølvsagt sal av verdens beste lefser! Basaren er open for alle og vi ser fram til å samlast til ei triveleg førjulsstund.





