Potetballbuffét hausten 2026

Torsdag 13. august frå kl. 13-18 inviterer vi til haustens fyrste potetballbuffet, og vi vil ha ope kvar torsdag til og med 29. oktober.  

 
Potetballen vert servert rykande varm i den koselige peisestua på hovudhuset. For kr. 350 for vaksne og kr. 150 for born kan du ete så mykje du vil. Dessert og kaffi/te er inkludert i prisen. 
Reservering
Det er ikkje nødvendig å reservere bord på førehand, men dersom de er mellom 6-10 personar set vi pris på at de tek kontakt før de kjem, slik at vi kan legge til rette for at de får sitje samla. Grupper over 10 personar bes bestille på førehand.
Ta kontakt med oss på e-post booking@kjeldsund.no, eller på tlf. 4040 6061 mån-fre kl. 09.00-16.30.
Take-away
Om du vil nyte maten heime, er prisen kr. 250 for ein stor porsjon og kr. 230 for ein liten porsjon. Dessert kjem i tillegg og kostar kr. 75. Du kan både svippe innom for ein direkte handel, eller bestille på førehand på tlf. 4040 6061.
potetballporsjoner

Visste du at historia til potetballen heng saman med når det vart venleg med poteter i Norge i overgangen til 1800-talet? Årsaka var at potetene gav større og meir stabile avlingar enn korn, og det vart eksperimentert med å drøye mjøl med poteter. Det vart vanleg å lage potetlefse, potetkake og flatbrød med poteter, og ein fann ut at potet og mel kunne formast til bollar og kokast (SNL, 2025).

Velkomen til eit tradisjonsrikt måltid på Kjeldsund!

Les andre innlegg

Potetballbuffét hausten 2026

Torsdag 13. august frå kl. 13-18 inviterer vi til haustens fyrste potetballbuffet, og vi vil ha ope kvar torsdag til og med 29. oktober.    Potetballen

Sommarstengt på Kjeldsund

I år er Kjeldsund stengt for overnatting og servering i fellesferien. Fyrste fellesarrangement i august er Camp Kjeldsund 7-9. august og potetballservering 13. august. Med

Frivillige + jonsok = Sant!

Snart er det jonsokfeiring på Kjeldsund, og fleire har allereie meldt seg som frivillige, levert tombolagevinstar, lova å bake kake og delteke på førebuingar til

Jonsokfeiring med bål, båtar og hovudhus på Kjeldsund

Jonsokfeiring på Kjeldsund!

 Ta med familie, og vener, og nyt ei heildagsoppleving med middag, leik, moro, jonsokbål med mykje meir!   På Kjeldsund legg vi til rette for

Kontakt oss