Leir for born og tweens i haustferien!

Endeleg kan vi invitere til nye leiropphald på Kjeldsund! I haustferien vert det Tweensleir for 5-7. trinn og Minileir for 2-4. trinn.

Faksimile om haustleirane frå NMSU si nettside.
Faksimile frå NMSU si nettside om haustleirane.

Kjeldsund har lange tradisjonar med å arrangere leir for born og unge, og alle er velkomne til å delta. Staden si plassering med nærleik til sjøen og lett tilgjengelege uteområde legg svært godt til rette for born og unge som ønsker eit godt fellesskap. Kjenner du nokon som aldri har vore på leir? Inviter dei med!

Tweensleiren er for born frå 5.-7. trinn og har mykje kjekt på programmet! Gled deg til kjekke dagar med konkurranser, leirfest, kano, misjon, misjonstivoli, dansing, sang, leik, Jesus og misjon!
Påmeldingsfrist er fredag 21. september.
Prisar og meir informasjon finn du på: nmsu.no/hendelse/tweensleir-haust-for-5-7-klasse-3/
 
Minileiren er for born frå 2.-4. trinn og har mykje kjekt på programmet! Gjennom leiren blir det mellom anna: Konkurransar, leik, samlingar, song, dans, leirfest, Jesus, misjon og misjonstivoli.
Påmeldingsfrist er 21. september.
Prisar og meir informasjon finn du på: nmsu.no/hendelse/minileir-haust-for-2-4-klasse/
 
Norges Misjonsselskap sin barne og ungdomsorganisasjon er opptekne av at flest mogleg born og unge skal kunne delta på leir, og tilbyr støtte til deltaking for dei som treng det.
Les om ordninga og søk om støtte på: nmsu.no/leir/deltakerstotte/

Les andre innlegg

Kvinner samla til måltid i spisestova i forbindelse med lefsedugnad

Lefsedugnad og julebasar i november

På Kjeldsund har vi så smått begynt å førebu førjulsaktivitetar, og tradisjon tru inviterer vi både til lefsebaking og julebasar! LefsebakedugnadVi startar med lefsebaking måndag

Potetball hausten 2026

Fram til 12. november serverer vi potetball kvar torsdag kl. 13-18. Maten kan du nyte rykande varm i den koselege peisestova, eller ta med heim!

Frivillige + jonsok = Sant!

Snart er det jonsokfeiring på Kjeldsund, og fleire har allereie meldt seg som frivillige, levert tombolagevinstar, lova å bake kake og delteke på førebuingar til

Kontakt oss