CAMP KJELDSUND – leir for alle 7-9. august på Kjeldsund!

Tema for årets leir er konfetti! Konfetti kjem i alle fargar og former – akkurat som menneska. Kvar bit er liten i seg sjølv, men saman blir det fest! Slik er det med menneske også; vi er ulike men treng kvarandre.

 
På Camp Kjeldsund er alle velkomne; familiar, besteforeldre med barnebarn, tanter og onklar med nevøar og nieser, vennegjengar, vener av borna eller kom åleine. Leiren startar fredag 7. august og vert avslutta søndag 9. august, og det blir fokus på Jesus, misjon og fellessskap. Leiren har samlingar for born og vaksne, og det blir tid til bading, grilling, samtalar og godt fellesskap.
 
Påmeldingsfrist er fredag 31. juli.
 
Norges Misjonsselskap sin barne og ungdomsorganisasjon ønsker at flest mogleg born og unge skal kunne delta på leir. Her kan du lese om ordninga om støtte til deltaking nmsu.no/leir/deltakerstotte/
 
Meir informasjon om Camp Kjeldsund finn du her:

Les andre innlegg

Frivillige + jonsok = Sant!

Snart er det jonsokfeiring på Kjeldsund, og fleire har allereie meldt seg som frivillige, levert tombolagevinstar, lova å bake kake og delteke på førebuingar til

Jonsokfeiring med bål, båtar og hovudhus på Kjeldsund

Jonsokfeiring på Kjeldsund!

 Ta med familie, og vener, og nyt ei heildagsoppleving med middag, leik, moro, jonsokbål med mykje meir!   På Kjeldsund legg vi til rette for

Påska på Kjeldsund

Søndag 29.mars – Palmesøndagbuffet   Meny:Ovnsbakt lammelår, Kjøttkaker i brun i saus, Fiskesuppe, Grønnsaker, Poteter, Lammesaus, Ertestuing, Frisk salat, Foccacaia, Dressinger   Dessert:Husets karamellpudding, Sviske/aprikoskompott,

Kontakt oss