Snart er det jonsokfeiring på Kjeldsund, og fleire har allereie meldt seg som frivillige, levert tombolagevinstar, lova å bake kake og delteke på førebuingar til denne fine merkedagen! Men, vi treng fleire som vil stille, og håpar at du også har lyst å vere med på laget!
Ta kontakt på SMS til 40406061, på e-post til booking@kjeldsund.no eller direkte med Eileen eller Trygve om du har spørsmål eller vil melde deg til:
KAKEBAKING OG GEVINSTAR TIL LOTTERI (før jonsok):
– Vi ønsker oss fleire KAKER som kan seljast i møtesalen. Du kan bake både rundekake og skuffekake, og har du erfaring med allergiar/intoleranse set vi pris på at nokon vil lage kaker som alle kan ete.
– Vi treng fleire gevinstar til TOMBOLA. Desse bør ha ein verdi på ca. 30-40 kr. stk. Om kvardagen er travel og du likevel ønsker å bidra, kan du Vippse Kjeldsund på #947337 så ordnar vi det for deg! Trykk på 100 kroners knappen så mange gangar du ønsker eller Vipps et valfritt beløp.
– Vi håpar også at nokon kan bidra med nokre litt større gevinstar som kan vinnast på LODDBOK. I fjor hadde premiane ein verdi mellom 400-2000.
PARKERINGSVAKTER:
– Kl. 12.00-14.00 (2 personar), kl. 13.45-16.00 (3 pers), Kl. 15.45-18.00 (4 pers).
Parkeringsvaktene har vester og kommunisere på walkie-talkie. Viktig med god start så vi får plass til flest mogleg bilar før gjestene begynner å parkere langs vegen ned til Kjeldsund. Vi liker kjekke og tydelege vakter som passar på at både vi på Kjeldsund, dei som bur langs Kjeldsundvegen og på Hestholmen kan vere sikre på at ambulanse, politi og brann kjem fram om det trengs.
SAL AV MAT:
– Sal av RJOMEGRAUT, LAPSKAUS OG KAKER, STEIKING AV VAFLAR & SVELER startar kl. 14.00, og vi treng ca. 6 personar som kan gjere ein innsats i kvar av periodane: kl. 13.30-15.00, 14.45-16.30, kl. 15.45-18.00.
– Grilling og sal av GRILLMAT startar kl. 15.00, og vi treng ca. 2-4 personar som kan fylle tidsrommet frå kl. 14.30 til 18.00. Er du grillmesteren vi ser etter? 😉
FANTETOG:
Fantetog er ein gamal og kjekk tradisjon særleg på Sunnmøre, og mange har gode minner frå jonsokkvelden når voksne og born kledde seg ut. Vi ønsker oss eit jonsokbrudepar som ikkje tek seg sjølv så høgtideleg, som gjerne leder an i toget, lagar litt skøy og ablegøyer og som får med borna i toget!
AKTIVITETAR FOR BORN & UNGE:
I år har NMS U leir for born frå 2-7. klasse. Dei avsluttar leiren på jonsokaftan med misjonstivoli frå kl. 14.30-16.30 til glede for alle! Det vil vere behov for ungdommar og trygge voksne som kan bidra på ulike postar, aktivitetar og for dei som vil bruke kanoar og robåtar. Er dette noko for deg så meld deg gjerne til innsats kl. 14.15-16.30 eller kl. 16.15-18.00.
SAL AV TOMBOLA:
Tombola blir selt frå kl. 14.00 til det er tomt. Med mange born og unge på leir + andre besøkande kan dette gå fort! Her treng vi hjelp frå kl. 14.00 og truleg maks. eit par timar framover.
RYDDING RUNDT OMKRING, OPPVASK I MØTESALEN & FIKSARAR:
Ikkje alle likar seg i front, og her er den perfekte jobben for dei som helst likar å arbeide litt i stillheit «bak scena»:) Vi treng nokre som kan bytte søppelposar, smårydde litt undervegs, vere vertskap for nye og gamle gjester, som kan hjelpe til i oppvasken på kjøkenet i møtesalen og ellers fikse stort og smått som trengs i løpet av dagen. Vi treng deg som vil gjere ein innsats ei periode i tidsrommet kl. 14.00 til 20.00. Meld deg på førehand til det tidsrommet som passar, eller kontakt oss når du er på Kjeldsund og har litt ledig tid.
Takk til alle frivillige som gjer ein innsats for Kjeldsund! 🙂




