Møtesalen var fylt til siste stol då årets Kjeldsundbasar gjekk av stabelen laurdag 7. mars! Inntektene frå basaren skal mellom anna nyttast til nye møblar i aktivitetsrommet for born og unge på møtesalen.
Godt lagarbeid
Før basaren vart 80 loddlister fordelt mellom Kjeldsundvener i heile regionen som bidreg ved å selje lodd til i sine nærmiljø. I tillegg var det samla inn gevinstar frå faste og nye givarar til ein verdi av ca. 30 000 kroner. Til saman gav dette om lag 137 000 kroner i inntekter!
Kjekke aktivitetar for born og unge
Leiar i basarkomiteen Bodil Leinebø fortel at:
Drivkrafta til oss i komiteen er å samle inn pengar og utstyr til born og unge slik at dei har det kjekt når dei kjem til Kjeldsund!
Inntekter frå tidlegare basarar har saman med tilskot frå viktige samarbeidspartar bidrege til å realisere den flotte gapahuken på neset, turvegen, kanoar, hoppeslott, festteltet som står på tunet med meir.
Takk!
Basarkomiteen ønskjer å takke alle som donerte gevinstar og gåver, til dei som kjøpte lodd, og alle 120 som møtte opp og skapte god stemning på basaren! Vi ynskjer også å takke frivillige, og Trygve og Jeanette frå administrasjonen for alle viktige bidrag som gjorde det mogleg å gjennomføre basaren.




