Velkomen til strikkehelg!

Allhelgenshelga, 30. oktober til 1. november, inviterer NMS til strikkehelg for alle som er glad i strikking og hekling, og som ønsker å vere sosial og ha tid til dei gode samtalane. 

 

            

Laurdag kan du gjere gode kjøp frå fleire aktørar:
  • «Studio Lun» presenterer litt av haustens nyhende og har med fleire gode tilbod.
  • Elisabeth frå «Hettestrikk» er sjølv forhindra frå å vere med, men er representert med litt frå butikken sin. Her kan du knipe i eksklusiv, handfarga tråd og kanskje kjøpe med deg noko spanande heim?
  • Cecilie frå «Bergfruas Lapper» har fleire fine ting, i tillegg til dei populære strikkemappene. All inntekt frå hennar sal går til NMS.
  • Cecilie Leinebø Thomas lagar knappar, øyredobbar og smykker og har med litt av dette for salg.
Cecilie vil også dele litt frå sin kvardag i gravferdsbyrå, når vi laurdagskvelden har litt fokus på sorg i song og samtale.

Søndag formiddag vil ho snakke litt om misjonsarbeidet på Madagaskar. Ho vaks opp der, og i vaksen alder var ho tilbake og arbeidde nokre år i omsettingsprosjektet.

Informasjon om program, prisar og påmelding finn du HER, og du bestemmer sjølv om du vil ha einerom, dele rom eller sove heime. 

Velkomen til ei fin hausthelg på Kjeldsund!

Les andre innlegg

Velkomen til strikkehelg!

Allhelgenshelga, 30. oktober til 1. november, inviterer NMS til strikkehelg for alle som er glad i strikking og hekling, og som ønsker å vere sosial

Kvinner samla til måltid i spisestova i forbindelse med lefsedugnad

Lefsedugnad og julebasar i november

På Kjeldsund har vi så smått begynt å førebu førjulsaktivitetar, og tradisjon tru inviterer vi både til lefsebaking og julebasar! LefsebakedugnadVi startar med lefsebaking måndag

Potetball hausten 2026

Fram til 12. november serverer vi potetball kvar torsdag kl. 13-18. Maten kan du nyte rykande varm i den koselege peisestova, eller ta med heim!

Kontakt oss