Ta med familie, og vener, og nyt ei heildagsoppleving med middag, leik, moro, jonsokbål med mykje meir!
På Kjeldsund legg vi til rette for sosialt samvær, god mat, kjekke aktivitetar og møte med gamle og nye kjente heile dagen fram til midtsommarnatta startar!
Program:
14:00 Sal av Rjomegraut og lapskaus i hovudhuset
14:00 Sal av kaker, vafler, sveler te & kaffi i møtesalen
14:00 Sal av tombola og loddbok
14:00 Sal av kaker, vafler, sveler te & kaffi i møtesalen
14:00 Sal av tombola og loddbok
14:30 Aktivitetar for born – misjonstivoli, konkurransar m.m.
15:00 Sal av grillmat på tunet
17:30 Fantetog for born i alle aldrar
18:00 Kort familiemøte på tunet + trekking av gevinstar frå loddboka
18:30 Båltenning
Nyt midtsommarkvelden!
Aktivitetar:
Vi har kanoar, robåtar, SUP-brett til utlån, eller du kan nytte fotballbana, diskgolfbana og dei flotte naturområda! I kjellaren på krambua har vi stort utval av flyte- og redningsvester for små og store. Eller kanskje du vil ta med tråd og binde ein blomekrans saman med nokon du er glad i? Ta gjerne med sitjeunderlag eller eigen stol, så kan du finne sitjeplass der du meiner det høver best!
"Du ska inte tro det blir sommar
ifall inte nå´n sätter fart
på sommarn och gör lite somrigt,
då kommer blommorna snart."
Til Kjeldsund kan du kome med:
– båt (husk å henge ut fenderane slik at andre båtar kan legge til ved sidan av deg)
– kajakk og kano (for dei som vil nyte utsikta nærast mogleg vassflata)
– bil (parkeringsvaktene viser veg)
– gåande (frå nærområdet)
– syklande (frå bygdene ikring)
– syklande (frå bygdene ikring)
Velkomen til jonsokfeiring på Kjeldsund!




